Reportasje

¿ Symra er tilbake

Kalven Symra døydde nesten i fjor på stølen. No går ho kraftfull og vakker rundt på beitet.

2019: Dag og Tid-kviga Symra lever opp til eit namn som forpliktar.
2019: Dag og Tid-kviga Symra lever opp til eit namn som forpliktar.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

I fjor starta stølssesongen med dramatikk og sjukdom då kalven Symra nesten døydde. Ho berga livet i siste liten og vart teken ned att til garden og bygda for å sikra at ho overlevde.

Eit år etter er ho mirakuløst nok tilbake. Å sjå Symra koma ruslande inn i fjøset om ettermiddagen for å få ein neve kraftfôr og verta fri sola ei stund er verdt heile stølsopphaldet åleine.

Og Symra skal visa seg å vera uvanleg roleg for alderen. Ikkje det at ho ikkje kan leika og springa med dei andre ungdyra, men i møte med folk er ho utan fakter av noko slag, med ein merkeleg tillit til dei ho møter. Folket på garden må ha gjeve henne mykje merksemd i vinter etter det som hende i fjor.

I alle fall har ikkje den harde handsaminga ho fekk som liten kalv, då vi måtte føra ein slange ned i den oppsvulma magen hennar og hella inn reinsa parafin for å få gassboblene i magen til å roa seg, gjort henne skeptisk til folk. No vonar eg berre at ho vert drektig i haust og får leva mange år som mjølkeku.

Og kyr kan bli gamle og mjølka mykje. Beste kua til bestefar min var telemarkskua Fjellros. 14 år gamal mjølka ho nest mest i vossabygda, ifylgje Voss fjøsrekneskapslag. Åtti buskapar og 500 kyr var med i rekneskapen. Den 380 kilo tunge kua mjølka 4346 liter med 4,07 i feittprosent hausten, vinteren og våren 1946–47.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement