Bok

Svimlande og jordnært

Thure Erik Lund opnar for det sjølvbiografiske og personlege i lett forkledning.

Thure Erik Lund ser langt inn i ei digital verd.
Thure Erik Lund ser langt inn i ei digital verd.
Publisert

Eg er sjølv av småbrukarslekt frå ei øy på trøndelagskysten, men avstanden til Modum i Buskerud er ikkje større enn at eg kjenner meg igjen i outsiderrolla Lund plasserer forteljarstemmene sine i, enten det er alter ego som Thomas Olsen Myrbråten eller årets Hallandsås. Sidan eg i ein mannsalder har budd i nabokommunen Krødsherad, kjenner eg også igjen geografien, landskapet, dialekten og mentaliteten, eller gjæla, som Lund kallar det. Eg les bøkene hans i spennet mellom det å vere utanfor og innanfor på same tid, å vere ein framand i eigen familie, ein framand i bygda, samtidig som det er han som tar vare på bygdehistoria, ein arv han drar med seg frå faren Thure Lund som var ein markant lokalhistorikar i Modum.

Framtidsperspektiv

Ja vel, var det så enkelt, men så enkelt er det likevel ikkje, for Thure Erik Lund ser langt bortanfor det nære og inn i ei digitalisert verd der grensene mellom menneske, maskiner og natur blir flytande, han snakkar om teknologiske livsformer, verdsidear og ein tekststraum som berre går og går og blir hans eige liv, «jeg er jo uansett en digital variant av meg sjøl». Dermed blir også all identitet flytande ved at det verkelege blir kunstig og det kunstige blir verkeleg, og dette science fiction-aktige framtidsperspektivet har følgt med i Lunds forfattarskap sidan debuten i 1992.

Det er den nær 60-årige småbrukaren, snikkaren, boksamlaren og «mångsysslaren» Hallandsås som fører ordet. Han har slutta å publisere romanar, men han skriv framleis, isolert i bryggarhuset på bruket der han i årevis har jobba med ein tekststraum som ingen skal lese, og som truleg er den romanen som ligg føre i Identitet. Sambuaren Maria og dei to ungane bur i hovudhuset. Dei unngår kvarandre, snakkar ikkje saman, det er ein avstand mellom dei som er ei paradoksal form for kjærleik. For dei passar på kvarandre, spionerer på kvarandre, og når Maria går kveldsturane sine, kryp Hallandsås rundt i buskar og kratt og følgjer med, sjalu, komisk og med eit ironisk skråblikk. Verre er mistanken om at ho har brote seg inn i tekststraumen hans og driv og rettar, skriv om og legg til, slik at han ikkje kjenner seg igjen i sitt eige verk. Det er ein forunderleg psykologi som driv fram denne ekteskaplege maktkampen.

Heimstaddikting

Identitet er ein tekst med mange forgreiningar. Éin ting er sivilisasjonskritikken og dei mange ironiske stikka til samtidslitteraturen, men eg set større pris på dei sjølvbiografiske innslaga der Lund på herleg vis skriv om snikring og skriving, og der han med ein keitete, distansert varme skriv om foreldra og slekta. I forlenginga av dette tar han med namns nemning eit oppgjer med dei som rundt tusenårsskiftet skulda han for nazisme. Det har nok plaga Thure Erik Lund at faren, Thure Lund, under og etter krigen fekk rykte på seg som stripete ved å bryte idrettsstreiken og ved å livnære seg som lensmannsbetjent. I røynda rapporterte han til motstandsrørsla i Modum, der Osvald-gruppa var ein del av bildet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement