Historie

Sveriges finaste utedo

Ein dag i 1780 spikra den sørgande juristen og heradshøvdingsonen Bengt von Echstedt igjen eitt av sju dolokk på utedoen. Aldri meir skulle nokon få nytte akkurat denne plassen.

Von Echstedtska-garden er bygd i karolinsk stil, prega av stram symmetri. Utedoen med pyramideforma tak skimtar me til høgre.
Von Echstedtska-garden er bygd i karolinsk stil, prega av stram symmetri. Utedoen med pyramideforma tak skimtar me til høgre.
Publisert

Tjueto år tidlegare hadde Bengt (1723–1794) gifta seg med Christina Catharina Herwegh (1718–1780). Bengt var då 35 år, men alt pensjonert frå jobben ved det kongelege myntverket. Christina var fem år eldre, enke, og frå ein såkalla god familie.

Med seg hadde ho sonen Jakob Leonard Roman (1740–1814) frå første ekteskap. Lite visste dei at herregarden i Kila sokn i Värmland, bygd på ein åskam med vakker utsikt mot innsjøen Summeln, skulle dukke opp i franske Vogue Decoration 250 år seinare. Hovudhuset, i såkalla karolinerstil, hadde ein stram og symmetrisk fasade, men innandørs blei både tak og veggar måla i svulstig rokokkostil. Blomeranker, marmoreringar og bibelske scener bølgja seg frå rom til rom, og kvifor ikkje måle utedoen med det same?

Undervurdert

Utedoen er her ein bygning som skal takast på alvor. Doen er ikkje gøymd inni skogen eit godt stykke unna, men står som ein sentral liten bygning med pyramideforma tak på høgre side av hovudhuset. Lysthuset på venstre side sikrar symmetrien når ein kjem ruslande opp grusstien.

Veggmåleria konkurrerer med utsikta gjennom dei småruta vindauga med ruglete glas. Om du sit på benken med dei fem største dolokka, ser du portrettet av Bengt og Christina oppunder taket.

I 1780 døydde Christina, og i sorga spikra Bengt altså igjen dolokket hennar. Denne handlinga vitnar, på sitt uvanlege vis, om kjærleik og sakn. Minna frå doen var openbert viktige for Bengt. Ein kan berre spekulere i kva som har gått føre seg i akkurat denne bygningen. Kanskje fortrulege samtalar, kanskje meir, eit passeleg stykke unna tenarar og familiemedlemmar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement