Historie

Svenskesynda

GÖTEBORG: Svenskane avviste mange flyktningar frå Noreg i dei fyrste krigsåra, men ei ny doktoravhandling syner at dei liberale lena snart sette standarden – heilt til 2015.

Flyktningar frå Noreg på veg til Sverige under den andre verdskrigen.
Flyktningar frå Noreg på veg til Sverige under den andre verdskrigen.Flyktningar frå Noreg på veg til Sverige under den andre verdskrigen.
Publisert

Mange hundre flyktningar frå Noreg vart i dei to fyrste åra av den andre verdskrigen avviste ved den svenske grensa. Berre i 1941 vart 450 menneske nekta innreise eller verre – overlatne til okkupasjonsmakta. Flyktningane var norske statsborgarar, romanifolk og jødar, men òg tyske soldatar som hadde desertert, og utanlandsk sjøfolk som rømde frå tyske fartøy. Dei som fekk ei formell og streng avvising, vart overlatne til tyske grensevakter, medan dei som fekk ei uformell og mindre streng avvising, vart bedne om å venda attende til Noreg på eiga hand. Dersom dei då vart tekne på nytt, resulterte det i alt frå formell avvising til naudvisum.

Somme av dei som ikkje slapp inn i Sverige, enda i konsentrasjonsleirar som Mauthausen og Sachsenhausen, andre framom eksekusjonspelotongen på Akershus festning i Oslo.

Haakon 7

Mange flykta gjennom Østfold mot Värmland og Bohuslän sørvest i Sverige. Ferda gjekk gjerne med tog til Halden og derfrå til fots. Somme kom som båtflyktningar over Iddefjorden – som eg kan sjå frå toget på veg til Göteborg for å møta historikaren Lars Hansson. No i januar forsvara han doktoravhandlinga si Vid gränsen. Mottagningen av flyktingar frå Norge 1940–1945 – ein saksstudie frå lensmannsdistrikta Bohuslän, Älvsborg (Dalsland) og Värmland.

I alt flykta 70.000 menneske frå Noreg mot Sverige under den andre verdskrigen. Ein av dei som Hansson skriv om, var kong Haakon 7. Han freista å berga livet ved å koma seg over svenskegrensa då han og det vesle fylgjet hans vart jaga som «vilde dyr» av tyske troppar og bombefly. I Vid gränsen les me: «Den 12. april hadde kong Haakon na°dd fram til den jemtlandske grensa. Den svenske utanriksministeren vart kontakta for at kongen skulle få høve til å koma inn i svensk territorium.»

Ei av grensevaktene, den svenske skilegenda Mora-Nisse, ni gonger vinnar av Vasaloppet, vert sitert i avhandlinga: «Tenk deg det sjokket me fekk då me skjøna at det var den norske kongen og dei næraste kring han som vart jaga av tyskarane gjennom dei norske skogane fram til grensevakta vår. Eg hugsar framleis kor sliten og trøytt kong Haakon såg ut.» Då kongen nådde grensa ved Drevsjø, hadde 67-åringen vore på flukt i meir enn tre døger, så å seia utan svevn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement