Reportasje

¿ Svenske traume

Dette var dagen då svenskane skulle få vite kven som drap Olof Palme. Det var også dagen då Streiff braut saman, og eg måtte ta bussen til Karlstad.

På garden Norrtomta i dei värmlandske skogane vaks telefongründeren Lars Magnus Ericsson opp. Året han fylte 16, gjekk han ut av skogen og reiste til Egersund i Noreg.
På garden Norrtomta i dei värmlandske skogane vaks telefongründeren Lars Magnus Ericsson opp. Året han fylte 16, gjekk han ut av skogen og reiste til Egersund i Noreg.På garden Norrtomta i dei värmlandske skogane vaks telefongründeren Lars Magnus Ericsson opp. Året han fylte 16, gjekk han ut av skogen og reiste til Egersund i Noreg.
Publisert

Lytt til artikkelen:

God morron, Sverige! Eg vaknar i den vesle gule campingstugan, ja, det er nærast eit dokkehus, som ligg på ein odde i ein innsjø i akk, du sköna Värmland. Så stille det er. Eg reiser meg opp og smeller nok ein gong hovudet i overkøya. Det er lågt under taket i hytta, og stolpane i køyesenga er kappa til slik at det er ein knapp halvmeter klaring mellom køyene. Natta har vore som å ligge i ei Ivar-hylle, og når eg no morgnar meg på sengekanten, må eg sitje med bøygd nakke.

Det er ufatteleg kva dei har klart å stappe inn her: kjøleskap, kokeplate, vasskokar, kaffitraktar, telyshaldarar, fullt kasserollesett, to stolar, eit halvt matbord med gulrutete voksduk og gardiner i same mønster, og mellom gardinene ser eg Stora Lesjön, himmelblå og spegelblank.

Klokka er ti på åtte då eg pressar opp døra. Nattfrisk luft slår inn, morgonsola glitrar i grasdogg, fuglane syng. For ein dag! Eg vurderer kort å ta eit morgonbad, men stranda er grovsteina akkurat her på odden, og eg slår det straks frå meg.

Brått brest stilla. Nokon startar opp ei gravemaskin på andre sida av vatnet, og snart høyrer eg grabben klunke i stein.

Frå bagasjen leitar eg fram reiseradioen, og ut av høgtalaren strøymar radioblide røyster som fortel at det blir ein härlig, solig och varm dag. Så er det Ekot, nyhende frå Sveriges Radio, og fyrste sak er pressekonferansen, for dette er ein historisk dag i Sverige: Om halvannan time skal svenskane endeleg få svar på spørsmålet som har gnaga dei i 34 år: Kven drap statsminister Olof Palme? Den uløyste drapsgåta er eit nasjonalt traume, men i dag har sjefetterforskar Krister Petersson i Palme-gruppa lova å presentere ei løysing som svenskane kan leve med. Eg er spent, kjenner eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement