Reportasje

¿ Svenske sinnstilstandar

Eg drar på Clas Ohlson og på slottsbesøk. Det beste av Sverige.

God plass: Det er ikkje mange turistar på Läckö slott denne laurdagen, heller ikkje i kungssalen.
God plass: Det er ikkje mange turistar på Läckö slott denne laurdagen, heller ikkje i kungssalen.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er laurdag morgon, og klokka er nokre minuttar over åtte når eg kjem ned i matsalen på Stadshotellet i Lidköping. Spreidd rundt i det halvdunkle lokalet sit dei andre gjestene og pratar lågmælt seg imellom. Eg tek eit bord ved vindauget, og det er forunderleg at ingen sit der. Det må då vere det beste bordet i heile lokalet? Eg legg mobilen att for å syne at bordet er oppteke, og tek ein runde for å få oversikt over kva dei har å by på. Ein mann med skjegg og gul kortbukse står rådvill på motsett side av buffeen. Men jøss, er det ikkje Benny Andersson?! Han er så snarlik at eg kjenner eit brus av opphissing.

Abba var ikkje særskilt populært blant gutane på Odda barneskule på 70-talet, og når jentene ville spele Abba i musikktimane, noko dei ville heile tida, heldt vi gutane for øyra i protest. Men heime, aleine, tjuvlånte eg samleplata til bror min, Greatest hits frå 1975, og eg elska «Mamma Mia», «Waterloo» og «I Do, I Do, I Do, I Do, I Do». Ja, heime i grenda mi leikte vi Abba, og eg var alltid Björn, fordi eg ville vere saman med Agneta, som eg likte betre enn Anni-Frid, men elles ville eg nok vore Benny som spelte orgel og piano.

Er det sjølvaste Abba-Benny som no forsyner seg med gräddost? Eg går nærare, og eg er ikkje så god på andlet, tvert om, det er min største veikskap, dessutan er det store kontrastar i det mørke lokalet, for utanfor dei store vindauga lyser solskinet skarpt. Eg går endå nærare, stiller meg like bak han, og når han brått snur seg, kvepper han til. Eg nikkar og seier blidt go’ morron, og han mumlar morron tilbake, og eg ser at det ikkje er han. Eller er det han? Eg kan ikkje seie det for sikkert.

Eg set meg ved bordet mitt og skjøner kvifor ingen har valt dette bordet. Det er altfor høgt. Eit middelaldrande par ved bordet nærast ser på meg, der eg sit med bordplata opp til brystkassa.

– Vi sette oss der fyrst, seier mannen, men bordet var for høgt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement