Svenske ferdaminne frå vinteren 2018 Eg voks opp i Trondheim i 1970-åra. Då var Sverige rett ved, rett aust lik ei morgonsol. Der var eg på sommarferie kvart år. No er alt annleis – Sverige er mest ein meditativ tilstand.

Eg voks opp i Trondheim i 1970-åra. Då var Sverige rett ved, rett aust lik ei morgonsol. Der var eg på sommarferie kvart år. No er alt annleis – Sverige er mest ein meditativ tilstand.

Heavy metal: Kiruna er bygd på (grunn av) verdas største underjordiske jarnmalmgruve.
Heavy metal: Kiruna er bygd på (grunn av) verdas største underjordiske jarnmalmgruve.
Publisert

Jag är nyfiken – gul: Ein sein sundagskveld får eg ei tekstmelding frå ein annan trondheimar, Ola Borten Moe. Han gjer framlegg om ein road trip gjennom Nord-Sverige i mørketida. Kvifor ikkje? Eit avbrekk; kvantitetstid på vona utanfor sesongen, bortanfor allmannvegen. Nokre veker seinare møtest vi i Narvik. På mobiltelefonen min har eg lasta ned togbillettar til Kiruna.

Dei siste åra har vi farta i lag til Alaska, San Marino (for å kryssa Rubicon i nærleiken), Weimar midt i Tyskland, Jerusalem (inkludert nattbad i Dødehavet), og så bortetter. Eg har høgare reisefeber no. Kan vera at eg har Sverige på hjernen. I studietida budde eg fleire år i Stockholm. Seinare flytte eg eit bel attende med kone og barn: Stockholm-svensk var det fyrste språket til den eldste dotter vår. Ordlyden hennar… fortryllande på line med byen: øyane, alt vatnet, dei vakre husfargane. Også den tida er lenge sidan. Men eigne barnlege opplevingar svinn ikkje, dei heller. Dei raude og oransje vegskilta, Lindgren, kinaputtar, Stenmark, blåbærmjølk, Borg – ei mjuk og paradisisk makt over sinnet.

Reisa frå Narvik er på sett og vis eit nytt kapittel i minneboka. Av avgiftsårsaker får vi ikkje kjøpt kaffi om bord på toget før vi er på svensk side av grensa. Nett der møter vi òg eit av dei ti fullasta toga som – kvar dag, kvart år – fraktar jarnmalm til Narvik frå verdas største underjordiske jarnmalmgruve i Kiruna. Lokomotiva er elektriske, og visstnok dei sterkaste jarnhestane som finst. I skytteltrafikk under ein industriell himmel.

Kyrkja i Kiruna skriv seg attende til 1912 og skal ha ein nær guddomleg status i svensk arkitekturhistorie. Ho hyser i alle fall eit gedigent veggmålarstykke signert prins Eugene, son til Oscar II. Emnet hans var paradis. På veggen er denne staden usynleg; gøymd av tre, men ein stig viser vegen inn dit. Meininga med Kiruna var litt i same gate. Relativt høge løner, pensjon òg, og hus som ikkje skilde mellom arbeidar og funksjonær. Prikken under ropeteiknet var folkeopplysning. Arbeidarane skulle dannast og skulast til gagns menneske.

Ein laurdag føremiddag køyrer vi i buss inn i den drustelege gruva. Her inne er det 50 mil med bilveg, vi kjem ned til 500 meter under bakken. Mykje av arbeidet går no føre seg mesta 1000 meter lenger ned. Ja, eventyr for vaksne (industriell propaganda). Omvisaren fortel elles at det store administrasjonsbygget på gruveområdet er bygt etter inspirasjon frå SN-bygningen på Manhattan. Spesielt tidleg på ettermiddagen ser eg det klokkeklårt: røyken i lyset av vintersola, slagghaugar på høgd med fjell, konturane av blodpumpa til den svenske modellen: arbeid, kapital, sosialdemokrati, stat – lite glamour, mykje kvardag. I tillegg er det bikkjekaldt. Det knirkar høglydt i snøen når vi ruslar omkring blant dei innfødde utan å skilja oss nemnande ut.

Også frå saunaen på Scandic Ferrum er det utsikt mot gruvefjellet og arbeidets lys. Og (i det fjerne) Kebnekaise. Vi har med nordsvensk øl på plastflasker og vert sitjande og sveitta i fleire omgangar med to svenskar som kvart år kjem opp hit for å spela inn reklamefilmar om bilar på vinterføre. Nede i baren etterpå møter vi unge samiske gruvearbeidarar. Eg får ei vag Klondyke light-kjensle. Dei tener relativt godt her, det vert sagt at malmkroppen strekkjer seg heile 4 kilometer ned – men at trykket, farar og uvisse aukar monaleg etter kvart som dei går nedover, innover og ikkje minst under byen. Difor må Kiruna smått om senn på flyttefot, men kvar? Kommunen har så langt berre bygt eit nytt rådhus på sikker grunn. Samstundes har gruveselskapet byrja flytta bustader i motsett retning. Hmm. Kiruna går moglegvis ned i ein slags spagat. Det høyrest ut som ein svenskevits. Ei dame frå Finnmark kom og slo seg ned. Ho vart verande etter ei bordtennisturnering for tjue år sidan. No: jobb i barnehage, fleire ungar, ektemann i gruva, det meste er A4. Og fint.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement