Sport
Superlaget Bodø/Glimt
Vi gjekk frå kamp på Aspmyra og hadde merka ein ny giv i Bodø/Glimt alt våren 2019.
Bodø/Glimt før kvalifiseringskampen til europaligaen mot Zalgiris Vilnius på Aspmyra stadion (3–1) 17. september 2020.
Foto: Mats Torbergsen / NTB
Med sesongkort i dei siste sesongane med heistilvære såg eg for første gong at klubben hadde tatt steg bort frå den vanlege situasjonen med regulære opp- og nedrykk mellom Obos-/Adecco-serien og eliteserien. No såg det ut som om noko stort var på gang, men kva var det som var i ferd med å skje? Korfor var Bodø/Glimt blitt så markant betre?
Vi trefte Ola Haldorsen, den gamle kapteinen frå Bugøynes i Finnmark med 463 kampar bak seg. Kva har skjedd, Ola, spurde vi. No tok Bodø/Glimt tak i kampane og styrte dei, låg ikkje berre bakpå og venta på kontringar.
På Aspmyra våren 2019 var dei brått i førarsetet, fryktlause, kongar med ball, møtte motstandarlaget høgt på banen.
– I år er dei i snitt over 20 prosent betre trena, svarte Ola nøkternt.
Dei har systematisk endra treningskulturen. Slik såg det også ut. For å underkaste seg eit regime med tøffare offensivt press måtte spelarane innsjå at dei var blitt toppidrettsutøvarar, med same typen forsakingar som Marit Bjørgen. No står systematisk kartlegging av feittprosent, oksygenopptak og individuelle treningsopplegg sentralt. Fleire av spelarane vart lettare, betre og – som Patrick Berg – rettare trena. Det er heilt slutt på seine byturar.
Vidareutvikling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.