Suggererande seanse
OUIDAH: 10. januar er dagen då voodooen blir feira i Benin, det einaste landet i verda der denne religionen er størst.
Dyreofring, forheksande song, trommekvervlar og rytmeinstrument av alle slag eggar voodoodansarane.
Er du med på feiringa, har du reist til byen Ouidah i det vesle landet på den afrikanske vestkysten. Her er så å seie alle, same kva religion dei tilhøyrer, prega av ei tru som vi i vestleg kultur assosierer med B-filmar og dokker med nåler i. I Benin er voodoo ein kvardagsreligion.
I Benin bruker ein nok også dokker til litt av kvart, og både geiter og fjørkre blir ofra, men det som slår ein, er fyrst og fremst at dette er ein kvardagsreligion som på godt og vondt har mykje til sams med andre trusretningar. Her finst seremoniar og kloster, initiering av nykommarar og eit hierarki av prestar. Og så er det kulissane, alt det vi får vere med på.
Vi er to reiseglade nordmenn på jakt etter lokal musikk. For fire år sidan var vi i Burkina Faso. Nå er tida komen til Benin. For vi veit at det finst ei sterk tilknyting mellom voodoo og musikk.
Øvsteprestar
Det blir full pakke frå fyrste stund. Det franske instituttet i hovudstaden Cotonou er godt førebudd. Dei kan fortelje at same kveld er det eit historisk møte mellom dei øvste leiarane for denne religionen på Haiti og i Benin.
Ved første augekast er det vanskeleg å sjå at det er to øvsteprestar. Den eine ser ut som han skal, med diger blå og svart flosshatt pynta med gull og glitter. Den andre har vi store problem med å skjøne kven er. Det viser seg å vere ein relativt ung mann med bleika motesveis. Ein kan sjå at han har budd tolv år i New York.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.