Kunnskap
Styrhuset
Dei gamle grekarane forstod det: For å handtere verda må ein ha eit fast punkt i universet. Styrhuset kan vere ein slik stad.
Alle foto: Arve Nilsen
Regnet sila ned kaldt og jamt frå ein jarngrå himmel. Her inst i fjorden var sjøen like grå, mellom flodmålet og det låge skydekket var berre ei lita glipe med gult og visse gras, svart berg og brun tang synleg. Eg var på jobb, og jobben denne dagen var å telje opp kor mykje fisk som døydde i anlegget, og finne ut kvifor. Saman med meg var to av karane frå oppdrettsanlegget, dei køyrde båten og sjaua og drog i tau og håva fisk medan eg stod klar med skalpell og anna utstyr til prøvetakinga. Vi var alle utrusta med litt slitne, gule regnklede, vernestøvlar og arbeidshanskar, men no var det tid for kaffipause.
Kan nokon ha det betre?
Eg vart ståande i styrhusdøra for å trekke frisk luft. Dette var i 2002, før røykjelova, og innanfor sat dei to arbeidskarane godt planta med kaffikrus og kvar sin rykande rullings (det er ikkje lett å halde sneipen tørr i slikt eit vêr). Eg såg utover båten og anlegget og inn i den grå regnskodda og spurde: «Korleis trivst de eigentleg med denne jobben, karar?» Svaret kom snøgt og unisont: «Vi kunne ikkje hatt det betre!» Og dei la til: «Vi ville aldri bytt bort denne fridomen med eit kontor.»
Då næringa var ung, kom arbeidsfolka frå alle kantar. Mange hadde vore fiskarar, nokre spedde på inntekta frå eit lite småbruk med å jobbe vakt på eit anlegg, og det var overraskande mange lærarar. Det var ei tid med rask vekst og mange bølgedalar. Og det var ikkje eit særleg kvalitetssikra arbeidsmiljø. Men fridommen på sjøen og den generelle optimismen i næringa freista mange. Etter kvart har mange unge tatt havbruksutdanning heilt frå vidaregåande, og fagbrev og betre organisering og høgare lønn har gitt fiskerøktaryrket høgare status. Ungdommar frå stader som Bremanger, Vevelstad og Gratangen ser at dei kan ha ei framtid med jobb og inntekt på anlegg som ligg berre nokre sjømil frå heimplassen.
Teknisk revolusjon
Mange set sin lit til ny teknologi og big data. Unge konsulentar med dress (og litt for spisse finsko) kan fortelje deg alt om dette, berre du betaler dei godt nok. Datamaskiner og algoritmar er viktige reiskapar for å handtere og analysere all den informasjonen som vi samlar opp. Men om ei maskin kan gi oss svara, så er det førebels berre menneske som kan stille spørsmåla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.