Teknologi
Strekar i rekninga
Figur 1. For strekkodelesaren er mjølk berre eit nummer i rekka av andre varer.
Pip, pip og atter pip. Ein laser les strekkodane. Eg er mi eiga kassadame. Ikkje fordi eg har omsut for NorgesGruppen og deira lengt etter auka profitt i tronge tider. Nei, eg skjemmest av varene i korga. Mjølk, saft, juice, sjokoladepålegg, brus, chips og snop.
Eg handlar no mat diktert av gjengløymde handlelappar skrivne av vilt framande som eg finn ein eller annan stad når eg entrar butikken. Med ordtaket «du vert kva du et» vil eg forstå og verta inspirert av den norske folkesjela ved å eta meg inn i henne. Dei aller fleste handlelappane er generiske og fullstendig frie for produktnamn. Det er kanskje verdt å tenkja på for produsentane før dei kastar bort ei mengd pengar på reklame?
Eg lyftar mjølkekartongen i hyllest til dei hardtarbeidande norske bøndene. Han er smykka med ein strekkode, figur 1, med ei rekke siffer på botnen. Kva tyder det lange talet, og korleis avspeglar strekkoden det? Det er mangt og mykje ein kan undra seg på, berre ein gjer det.
At den norske mjølka er eit unikt produkt, veit vi jo allereie, og talet 7038010001642 identifiserer eintydig ein liter Tine lettmjølk med 1,0 prosent feitt frå gardar nær meg. Eg går bort til glaset og speidar etter bønder, men ser ingen. I utkanten av Bergen er jordbruket avvikla. Nok om det.
Talet vi les, er eit GTIN – eit «Global Trade Item Number». Det er koda etter ein global standard kalla GS1. Ynskjer du eit slikt tal for noko du skal selja, er det berre å vitja GS1 Norway sine heimesider og få deg eit nummer i samsvar med GS1.
Dei tre fyrste siffera står for produsentland, men ikkje nødvendigvis kor vara kjem frå. «70» fortel at produsenten er frå Noreg. Noreg har landskode mellom 700 og 709. «3801» er leverandørtalet, som i dette høvet er Tine AS. «000164» er artikkelnummeret produsenten sjølv gir vara. Ein liter herleg lettmjølk har Tine redusert til 000164. Lengda på leverandørtalet og artikkelnummeret er ikkje unik, men varierer med storleiken på produsentens vareutval. Små produsentar får lengre leverandørtal for å få plass til så mange produsentar som mogleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.