Sport
Støytdemparen i kneet
Om ein fjernar heile menisken, får ikkje skjelettet nok demping, og sjansen for slitasjegikt er stor.
Foto: NTB
Dag og Tid sprang Holmenkollstafetten for nokre helger sidan. I nervøse samtalar om effektiv vekslingsteknikk vart også vonde kne eit tema.
Og ein skal ikkje kimse av kneskadar, dei tek ofte lang tid å lækje og påverkar livskvaliteten.
Kanskje fordi kneet er komplisert. Det inneheld kneskål, leddkapsel og ligament som kan strekkast og rykkast i ulik grad. Mest berømt i kneet er likevel menisken, som det i kvart kne faktisk finst to av. Dei ligg som to c-forma bruskputer og skal dempe støyten idet foten treffer bakken.
Tidleg på 1900-talet trudde ein at meniskane var restar frå embryologien, og at livet var best utan. Og på slutten av 1900-talet møtte ein stadig på menneske som hadde «fjerna menisken». Det skal seiast at det er sjeldan heile menisken vert fjerna, berre den delen av han som er skadd. Det er neppe embryologiteorien som har lege til grunn for fjerning fram til no, men ein vond menisk vart ikkje sjeldan vist til operasjon.
No veit vi at ikkje alle vonde meniskar skal opererast. Ein dansk-norsk studie gjord i 2016 viste at tre av fire vart betre med trening og ikkje trong operasjon. Det handlar nemleg om to typar smerte, akutt skade eller slitasje. Er ein ung og får ei rift i menisken, er operasjon tilrådd. Har ein eit kne som er utslite, må ein gå omvegen – med styrkeøvingar.
Ein meniskoperasjon kostar samfunnet om lag 16.000 kroner. Så ein stor nedgang i talet på operasjonar tener samfunnet godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.