Store dosar vals og polka Ein skal vere glad i trekkspel om ein går på ein konsert som dette. Musikk

Ein skal vere glad i trekkspel om ein går på ein konsert som dette.

Etterspurnaden var stor då Lindesnes Trekkspillorkester gjesta Bergen i vinter. Strålande billettsal førte til ekstrakonsert. Samla kom det 2520 for å høyre dei i storstova. Kvelden før fylte dei Oseana, kulturhuset i Os, ein knapp time frå Bergen sentrum.
Etterspurnaden var stor då Lindesnes Trekkspillorkester gjesta Bergen i vinter. Strålande billettsal førte til ekstrakonsert. Samla kom det 2520 for å høyre dei i storstova. Kvelden før fylte dei Oseana, kulturhuset i Os, ein knapp time frå Bergen sentrum.
Publisert

Det er sydande stemning mellom radene i Grieghallen denne iskalde vinterlaurdagen. Storsalen er på kokepunktet, og det er eit godt vakse publikum som får det til å koke. På augemål reknar eg gjennomsnittsalderen til å vere rundt 70–75. På fremste rad får eg plass ved sida av ein snakkesalig harding:

– Dette er åttande gongen eg ser dei i Grieghallen. Eg har også vore med dei til Gran Canaria.

Ingjald Hauso helser stadig på kjentfolk medan drøset går. Den pensjonerte varaordføraren frå Gaular i Sogn bruker ein stor del av fritida på dette: å følge Lindesnes Trekkspillorkester på tur.

Salen bryt plutseleg ut i ein veldig applaus. Ei lang rekke eldre menn kjem inn på scenen. Alle smiler breitt. Eit par kvinner er også i følget, men brorparten er menn. Også her er gjennomsnittsalderen godt rundt 70. Idet dei er samla på scenen, fyrer dei opp med opningsnummeret. Den såkalla «Vigelandsvalsen» skal vise seg å vere ein av mange valsar denne kvelden.

Og med det er orkesteret i gang med ei lang reise gjennom eit stort gamaldanslandskap. Heldigvis – for min del – har dei tatt nokre gode dramaturgiske grep. Mellom låtane er det vitsar og revyliknande innslag. Latteren blir brukt både som glide- og bindemiddel. Fleire av forteljarane – alle medlemmar av Lindesnes Trekkspillorkester – gjer ein fin jobb. Det er godt gjort å halde den svære Griegsalen i si hole hand. Særleg var den pensjonerte skipperen Lance Tørressen minneverdig. Introduksjonskurset hans til «Fugledansen» funka som ei kule.

Når det gjeld musikalske høgdepunkt, vil eg særleg nemne Arne Vigelands steelgitarspel. Ikkje så rart, sidan han i mange år har vore Bjøro Hålands faste steelgitarist. Elles er eg imponert over Per Storaker – flykapteinen i Norwegian som er tenor på si. Med slageren «Spanish Eyes» croona han Grieghallen heilt til siste rad. Eg vart også slått av virtuositeten Cazim Gerzic – ein annan orkestermedlem – viste. Han stod for fleire av arrangementa denne ettermiddagen. Elles var innslaga med dansebandet 2gether med på å skape god variasjon. Sånt trengst i eit hav av polka, vals og swing, for to og ein halvtime med trekkspel kan vere i meste laget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement