Språkskaparen frå Wittenberg Martin Luther var rett og slett ein god forfattar som meistra alle stilnivå, laga nyord og endra grammatikken.

Martin Luther var rett og slett ein god forfattar som meistra alle stilnivå, laga nyord og endra grammatikken.

Lutherhaus i Collegienstrasse 54, Wittenberg, blei bygt som augustinarkloster frå 1504. Fire år seinare flytta Martin Luther inn, og frå 1525 var dette privatbustaden for familien Luther. Med sine mange medarbeidarar var det her han leita fram korleis det høgtyske språket burde skrivast. Illustrasjonen til venstre eit udatert postkort, til høgre Lutherhaus i dag.
Lutherhaus i Collegienstrasse 54, Wittenberg, blei bygt som augustinarkloster frå 1504. Fire år seinare flytta Martin Luther inn, og frå 1525 var dette privatbustaden for familien Luther. Med sine mange medarbeidarar var det her han leita fram korleis det høgtyske språket burde skrivast. Illustrasjonen til venstre eit udatert postkort, til høgre Lutherhaus i dag.
Publisert

I miljøet rundt Luther var Philipp Melanchthon den greskkunnige. Berre 20 år gammal var han blitt professor i gresk i 1519. Ettertida vil ha det til at Melanchthon ein gong sa til Luther: For meg står det berre om gresk. Svaret kom kontant: For meg handlar det berre om tysk.

For andre handla det framleis mest om latin. Det var det språket som enno dominerte i europeisk lærdomskultur, men kva veg det bar, var tydeleg. Før reformasjonen var om lag 80 prosent av alle trykte bøker i det tyskspråklege området på latin, mot 70 prosent i 1570. 150 år seinare utgjorde dei om lag 17 prosent, kring 1800 berre fire prosent. Massespreiinga av skrift flytta latin nærmare utgangen frå kvardagen: Bøker kunne no bli prenta på kva språk det skal vere.

Luther omsette ikkje ord for ord, men leita etter tydingane og korleis dei best kunne formulerast på tysk. Derfor laga han mange nyord som reiste over landegrensene: aftanland, anstøytsstein, bildestormar, blodhund, elddåp, from, lokkefugl, nestekjærleik, pøbel, rettesnor, samvitsgnag, sikkerheit, skamplett, syndebukk.

Med sans for effektive retoriske grep forma han mengder av forsterkande ordpar, gjerne med bokstavrim: for evig og alltid, kreti og pleti, marg og bein, mjølk og honning, rett og slett, råd og dåd, teikn i tida.

Stive bibelord fekk ei form som sende dei tilbake til daglegtalen: av skade blir ein klok, å bite i det sure eplet, å bite tennene saman, dei første skal bli dei siste, eit lys går opp for ein, hovmod står for fall, å kaste perler for svin, mennesket lever ikkje av brød åleine, å pukke på sin rett, å vere over alle haugar.

Ingen kan tene to herrar: Luther satsa på den tyske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement