Sport
Unorske metodar
Dokumentarfilmen frå 2008 er å anbefale, spesielt om du vurderer å trene opp barnet ditt.
Foto: Jon Eeg / NTB
Dette blir litt lokalt, men podkasten Aftenbla-bla minte meg på 1990-talets svar på familien Ingebrigtsen. Sjølvsagt var det Team Klemetsen, med bokselegenda Ole «Lukkøye» i spissen og pappa, John, og broren, Litle John, litt lenger bak.
Både Klemetsen og Ingebritsen nådde verdstoppen. Sønene vart trena beinhardt av faren frå femårsalderen.
Familien Ingebrigtsen har eigen NRK-serie som følgjer dei på alt frå fødslar til treningar, og Klemetsen har dokumentaren Blod & ære, som syner både spelejobbar på puben og storkampar i Beijing og Italia.
Publikum lar seg fascinere, og den unorske trenarstilen er lett å like, i alle fall når det går bra. «Pappa John skal vekk», var ei av overskriftene i VG på 1990-talet. Bokseforbundet ville ta over. Gjert Ingebrigtsens disiplinmetodar har like så fått køyrt seg i media.
Den norske idrettsmodellen handlar om inkludering, kvalitet, folkehelse, breidde- og toppidrett. Forsking og erfaring har vist oss at breiddeidrett kan føre til toppidrett. Erling Braut Haaland er eit av praktdøma her.
Men den norske idrettsmodellen har òg fått kritikk for berre å vere store ord. Kompetente trenarar veks ikkje på tre. Og flotte verdiar og lovnader kan bli til tilfeldig foreldreinnsats. Idrettsnoreg har ein viktig jobb med å sikre kvalitet i alle endar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.