Sport
Treet i banen
Viss du har ein familiemedlem som spelar ball, veit du at gummigranulat ikkje berre held seg på banen.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Eg anbefaler å sjekke ut Karl Egil Johansens tekst i Syn og Segn nr. 2/2006 med tittelen «Ka e’ stillinga?» – om engelsk og vestnorsk fotballhistorie. Her skriv Johansen om då fotballen kom til Kristiansund på tidleg 1900-tal. Heimelaget måtte spele på ein «ujamn og tuete» bane, men «det verste var likevel at det stod eit gamalt tre midt på banen. Treet stod der som ein tolvte spelar og øydela spelet fullstendig». Dei kommunale styresmaktene nekta spelarane å fjerne treet.
Fotballbanane no er strigla, og dei flottaste stadiona får dagleg vatning og pleie. Det mest fascinerande med dagens banar er kanskje korleis dei får til dei fine stripene i graset. Svaret ligg i valsane under plenklypparen. Når klyppen blir gjort i to forskjellege retningar, blir graset liggande slik at lyset gjev ulik refleksjon. Stripene er forresten ikkje til pynt, men hjelper dommarane både ved offsidetvil og til å rekne avstand.
Det skal likevel seiast at dei fleste i verda speler på kunstig gras. Fyrste kunstgrasbane kom i Harstad i 1977. Kvaliteten var som ei gammal dørmatte, og brannsåra var brutale. Dagens banar er mjukare og betre, mykje takka vere gummigranulatet som ligg strødd oppå. Ulempa er at granulatet flyg overalt, og miljøet får svi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.