Sport

Topptur med stil

Elizabeth Hawkins-Whitshed syner oss fjellklatrarstilen i 1907. Ho skreiv fleire bøker om fjellklatring og var den fyrste presidenten i Ladies Alpine Club.
Elizabeth Hawkins-Whitshed syner oss fjellklatrarstilen i 1907. Ho skreiv fleire bøker om fjellklatring og var den fyrste presidenten i Ladies Alpine Club.
Publisert

Om det var korona eller ei, i sommar tok det av: Alle var på topptur. Dei sosiale media rann over av brune glis og jublande Norrøna-ermer framføre ei spesielt fin utsikt. Påtvinga noregsferie var nok ein pådrivar, men også før mars 2020 har topptur vore ein stigande trend. Me vil nærare naturen, me blir meir ekstreme, og me påverkar kvarandre – nettopp gjennom den fine utsikta på internettet.

Ein annan grunn til at fleire kjem seg opp, er tilgangen på utstyr. For om lag hundre år sidan var bluse, hatt og skjørt ein del av toppturstilen. At Elizabeth Hawkins-Whitshed var den fyrste til å komme seg opp på 20 fjelltoppar med utstyret sitt, er imponerande, men også noko å tenke på når ein går i gang med innkjøp av toppturutstyr. Det finst ein jungel av teknisk og uteknisk turutstyr der ute, og det ein før kunne få tak i på spesialforretningar, er nå tilgjengeleg på vanlege sportsbutikkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement