JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Ta på deg ein stillongs

Ein slapp ullstillongs under shortsen, som dei hadde på 1970-talet, eller ein strammare teknisk tightsvariant som faktisk var hipt på Lyn-feltet så seint som i 2009, er ikkje lenger aktuelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før var det berre å ta ein stillongs under nylonshortsen. Så enkelt er det visst ikkje no.

Foto via Wikimedia Commons

1825
20240223

Sport før og no

1825
20240223

Sport før og no

På øya eg kjem frå, finst det ein gjenbruksbutikk med ei slags sportsavdeling. Her kan ein heile tida bli oppdatert på kva slags utstyr som ikkje er in i idrettsmiljøet akkurat no, men som derimot er eit perfekt tema for denne spalta. 

No er stativet fylt opp med nikkersar. Ikkje nikkersar til ski – dei er evig aktuelle, i alle fall i Holmenkollen. I avdelinga heng 1990-talsnikkersar til bruk på fotballbanen.

Dei er anten marineblå eller svarte, av merket Umbro eller Adidas, og stoffet er glatt og slitesterkt. Passforma er lite flatterande, vid rundt låra og stram inntil øvre skinnlegg. Prisen var då på heile 399 kroner. Dette hugsar eg fordi nikkersen stod lenge nok på ønskelista mi. No kostar han 50 kroner. 

Nikkers på fotballbanen var eigentleg smart for både kulde og sår, likevel døydde han ut seint på 1990-talet.

Foto: Maren Bø

 Nikkersen vart brukt både på trening og på kamp, fyrst og fremst når det var kaldt. På nett er han enno til sals, men på treningsfeltet er han likevel ikkje å sjå. No er det shorts og berre shorts som gjeld, sjølv i snøstorm. På den lokale banen kan eg sjå nærare femti pretenåringar og ungdommar springe rundt på banen dekte av sludd, alle i shorts. Kne og lår er illraude, og det gjer vondt å sjå på når ballen treffer den nakne huda.

 Ein slapp ullstillongs under shortsen, som dei hadde på 1970-talet, eller ein strammare teknisk tightsvariant som faktisk var hipt på Lyn-feltet så seint som i 2009, er ikkje lenger aktuelt. I Rogaland no er det berre shorts i sludd som gjeld. Så lenge frostskadane ikkje blir permanente, kan eg forstå. Ein presterer best når ein kjenner seg kul, på fotballbanen og på byen.

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis