Sport

Stor bane

Det er fort gjort å heller studere måkar, viss du aldri får ballen.
Det er fort gjort å heller studere måkar, viss du aldri får ballen.
Publisert Sist oppdatert

Ein liten miniputt på ein fotballbane han knapt kan sjå motsett ende på. Slik var det å vere ung fotballspelar før. Ikkje rart at han heller studerte passerande måkar eller slo eit lite hjul då.

Heilt fram til tidleg 1980-tal var det i organisert fotball stor bane som gjaldt, same kor gammal du var. Ein offisiell bane er mellom 45 og 90 meter brei og 90–120 meter lang. Også ein tungpusta oldboysar kan få eit rekkeviddeproblem på ei så stor flate.

No speler dei yngste på banar som er 10x15 meter, berre med tre spelarar på kvart lag. Det skal seiast at barn før ikkje starta med organisert fotball i like tidleg alder som no, tilboda var avhengige av kor grisgrendt du budde. At dagens banar er tilpassa alder, gjer at barna er nær ballen nesten heile tida.

Dei yngste spelar også med vant, slik at ballen aldri går ut og tempoet går opp. Omgangen varer eit kvarters tid, som gjer at sjølv dei med mest maur i rumpa klarer å halde interessa kampen ut.

Når barna blir åtte år, spelar dei fem mot fem, ti år sju mot sju og tolv år ni mot ni, og banestorleiken aukar i takt med tal på spelarar. Ikkje før dei er 14 år, er det full bane med elleve spelarar på kvart lag – enno med ti minutt kortare omgangar enn dei vaksne har.

Mykje ballkontakt gjer barna meir tekniske, og sannsynet for at dei då likar sporten betre, aukar. Sjølv om fireåringane enno studerer passerande fly, er dei aller fleste faktisk ganske sveitte etter kamp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement