Sport
Sportsdrikk
Craig Anderson i Ottawa Senators lurer hjernen opp nokre energinivå ved å gurgle litt Gatorade.
Foto: Matt Slocum / AP / NTB scanpix
Det var stor stas. A-laget på Øyna hadde fått sponsa ei heil korg med XL-1 flasker. Flaskene var svære, tuten var lang og det var viktig å brette han ned etter bruk. Innhaldet kom i pulver og vart nøye blanda ut av oppmannen – eit stort ansvar. Spelarane pøste på så ofte dei kunne, før, under og etter kamp. Nokre gonger spytta dei han berre ut igjen, så effektiv var faktisk denne drikken.
XL-1 kom til Noreg på 1970-talet, og kombinasjonen av magnesium, kalium og natrium skulle «makse» yteevna di. Vidare kom Isostar, Lexir, Gatorade og Powerade med fleire, den eine meir lovande enn den andre.
Når ein trener, treng ein å fylle på energilagera. Mykje og hard trening kan gjere det vanskeleg å få i seg nok næring, og det er då ein sportsdrikk kan hjelpe deg. På Idrettshøgskolen lærte me at kosttilskot og diverse sportsdrikker var dyr urin. Med eit normalt kosthald vil kroppen kvitte seg med dei overflødige næringsstoffa ein får i seg via ein sportsdrikk. Ny forsking støtter dette: ein vanleg mosjonist treng verken XL-1 eller Powerade. Trener du på eit profesjonelt nivå, kan nytta vere der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.