Sport

Sport og psykiatri

Tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten ute på ein symbolsk tur i 2003.
Tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten ute på ein symbolsk tur i 2003.
Publisert

På Idrettshøgskulen trudde me, dei ferske idrettspedagogane anno 2009, at det var no det skulle skje. Verda trong fysisk aktivitet, og snart kom stillingane til å vere der for oss. Spesialoppdraget vårt var enkelt: å trene sjuke folk friskare, både fysisk og mentalt.

No finst det mykje god forsking som viser at fysisk aktivitet gjev effekt i behandling av psykiske lidingar, men det har ikkje vore kultur for trening på resept så lenge. Eldre teoriar var at menneske med psykiske problem berre trong kvile, eller at trening kunne føre til distraksjon på ein negativ måte: Ein skulle ikkje springe frå tankane sine.

I 1980-åra sette Johan Kaggestad i gang treningsgrupper på den psykiatriske behandlingsstaden Modum Bad. Frå å sitte i røykehjørnet og snakke om sjukdom, vart pasientane fysisk aktiviserte. Saman med forskinga til Egil W. Martinsen, ein pioner på feltet, vart institusjonskulturen i Noreg sakte endra.

Den fyrste jobben min var som idrettspedagog på ein psykiatrisk institusjon. Alle pasientane skulle ha ei treningsøkt kvar dag. Sjølv om det var mykje gløymt treningstøy og nødvendige røykepausar, var det lett å sjå at det gjorde noko med dei innlagde. På grunn av innsparingar vart stillinga og institusjonen lagd ned.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement