Sossesport
Som fotballforelder i Oslo er det ikkje vanskeleg å få med seg at seriøsiteten startar tidlegare i vest enn i aust.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Éin dag i året, trufast gjennom heile 1990-talet, skulle skulen vår til Sirdalen for å stå på ski i skitrekk. Nokre hadde skiinteresserte foreldre som prioriterte og hadde råd til ekte utstyr. Andre hadde arva lilla ski med grønske under. Eg var ein av dei. Klede som passa i snø, hadde eg heller ikkje. Det var å ta på ei blafrande lokalsponsa idrettslagsjakke som var verken vass- eller vindtett. Me skalv i heisen, og naglebitet sleppte ikkje taket før bussen nærma seg Sandnes.
Det var ikkje slik eg såg ut på skidag.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Det var verken kult eller praktisk å stille på skidag i dette utstyret, men foreldra mine var klare på at ein ikkje kunne kjøpe ski som berre skulle brukast éin dag i året. Miljøet låg ikkje til rette for eit liv i bakken, og sjølv om skidagen kjendest som eit einaste gnagsår, gjekk det greitt, me hadde andre idrettsarenaer å skine på. Fotball, til dømes, kunne alle bli god i.
No, derimot, er organisert fotball på veg til å bli like dyrt som slalåmlivet. I enkelte klubbar kan ein måtte betale over 10.000 kroner i året for å sende ungen sin på fotballtrening. Då handlar det fyrst og fremst ikkje om dei dyre fotballskoa, men om at heile sporten har blitt profesjonalisert. Sjølv om forsking viser at løkkefotballen er viktig for å utvikle talent, hjelper det lite når alle dei andre er på organiserte økter med spesiallaga opplegg.
Eg har sjølv vore vitne til privatøkter der eit par spelarar på om lag åtte år terpar med profesjonelle trenarar som søker det beste i kvar enkelt. Det er jo ikkje rart at dette skaper ein skilnad overfor dei som ikkje har råd til slike finjusteringar.
Det er greitt at dei rike alltid vil sjå best ut på skidagen, men det er synd om dei blir best i fotball òg.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.