Sport

Søppelsnakk og poesi

Spesielt i boksing er det vanleg at utøvarane hissar kvarandre opp i pressa før kamp. Legenda Muhammed Ali i 1967.
Spesielt i boksing er det vanleg at utøvarane hissar kvarandre opp i pressa før kamp. Legenda Muhammed Ali i 1967.
Publisert

Me har eigentleg ikkje noko norsk ord for omgrepet trash talk. Kanskje passar det ikkje inn i den norske idrettsmodellen. På den andre sida har me vel heller ikkje noko godt norsk ord for fair play.

Trash talk er det som skjer når Maradona ber Pelé vende tilbake til museet, eller når den tidlegare amerikanske fotballspelaren Mike Ditka spør reporteren om kva skilnaden på ein sportsjournalist og ein tre veker gammal kvalp er. Svaret var at kvalpen sluttar å mase etter seks veker.

Søppelsnakket kan skje på banen eller utanfor banen, før kamp og etter kamp. Innhaldet skal helst vere humoristisk og kreativt, men ikkje sjeldan handlar det om mora til motstandaren og liknande. Målet med trash talk er å sette motstandarane ut, skremme dei eller øydelegge tenningsnivået.

Det var boksaren Muhammad Ali som verkeleg gjorde trash talk til ei greie. Han vart spesialist på feltet og laga eit heilt album med trash talk-poesi: I Am the Greatest kom ut i 1963. Kvart spor startar med eit bokse-pling, og Ali trash talkar i veg om diverse motstandarar mens publikum ler seg i hel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement