Sport
Slepp speakeren fri
Musikar og tidlegare speaker Kjell Finnestad brukte å jodle når Viking skåra mål.
Foto: Kim E. Aksnes / Stavanger Byarkiv
Ein speaker på eit idrettsarrangement kan vere alt frå ein tilfeldig vald forelder til ein driven radiovert. Uansett kan det vere nyttig med nokre retningslinjer, så det ikkje går over styr.
Handballklubben Øyer Tretten IF har lagt ut ei hugseliste til speakeren. Grovt sett er gangen slik: Ønsk velkomen. Presenter lag og spelarar. Oppdater stillinga og spel så musikk etter skåringar. Ønsk publikum vel heim og velkomen igjen.
Dagens retningslinjer frå Norges Fotballforbund (NFF) seier at speakeren skal vere nøytral. Det står også at speakertenesta ikkje skal vere «underhaldningskanal under kampens gang».
Kjartan Salvesen var tidlegare speaker på Viking stadion. Han fortel at det er fort gjort å få NFF på nakken. Endå lettare no enn før. For då han i seinare tid hadde ei gjesterolle som speaker, rann straffeprikkane frå NFF inn.
Salvesen gjev oss eit døme på ei grenseoverskridande speakerutsegn. Strømsgodset skulle tilsynelatande dra ut tida mot Viking, og den eine spelaren etter den andre var liggande med skade. Dagens speaker, Øyvind Jacobsen, kommenterte at «der var Godset nere for å kvila litt igjen». Slikt er mat for NFF.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.