Sport

Skruknottar

Knottar frå 1863. Greitt å ikkje sende 10-åringen på løkka med desse, kjenner eg.
Knottar frå 1863. Greitt å ikkje sende 10-åringen på løkka med desse, kjenner eg.
Publisert

Eg tenkte at skruknottar var avleggs og noko far min og far hans igjen dreiv med. Eg tok feil. Skruknottar finst enno, og far min, han dreiv visst med spikrar: «Me slo spikrar inn i solen, mot ein lest, og så klinka me dei.»

Klinka spikrar mot ein lest, sa du? Etter litt forklaring, med diverse innskot frå mor mi, forstod eg det slik at dei slo spikrane gjennom solen, slik dei stakk ned i graset, som fungerande knottar. På spørsmål om dette ikkje var livsfarleg, svara han at spikrane jo hang fast, og så var dei som sagt klinka mot lesten. Altså ikkje så spisse. Litt vondt var det visst likevel når spikaren kom inn i foten.

I min barndom, på 1990-talet, gjekk det eigentleg berre rykte om spelarane med skruknottar, dei var livsfarlege, både menneska og knottane.

No er skruknottane hovudsakleg for dei profesjonelle, det vil seie dei som får spele på ekte gras. Ei våt grasmatte krev det beste festet, og det får ein ved å skru på knottar, vanlegvis laga av jern eller karbon.

Moderne fotballsko kan ha ei blanding av skru- og ikkje-skruknottar. Kvaliteten er sjølvsagt god, men bruken av dei handlar òg om smak og behag. Forsvarsspelarane treng kanskje aller mest djupt feste, medan angriparane kan gå for lettare sko, utan skruknottar, sjølv på vått gras.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement