Sport
    Seriøs e-sport
    
    
        Paperboy og joystick på Amstrad CPC464. E-sporten er i emning.
        Adrian Pingstone / Wiki commons
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Det er no det skjer. Gaming held på å bli stovereint. Sjølv om mange slit med å kalle aktiviteten ein sport, så er det faktisk det.
Viss ein set seg inn i livet til ein profesjonell e-sportutøvar, er det lettare å forstå kvifor: Det krevst uendeleg med trening. Det handlar om taktikk, strategi, reaksjon, uthald, samspel, presisjon, auge–hand-koordinasjon, motstandaranalysar, mental trening, kosthald og ikkje minst konkurranse. Alle omgrep som like gjerne kunne skildra handball eller basket.
Skeptikarane vil nok bringe på bordet at e-sport handlar meir om Pepsi Max og Grandiosa enn sveitte og fysikk. I nokre tilfelle kan nok dette stemme, men denne sorten finn ein også i andre sportar nede i divisjonane.
Alt på 1950-talet kunne få utvalde spele enkle dataspel. Det var lite taktikk og grafikk. To prikkar på skjermen skulle til dømes symboliser ein tenniskamp, og forbløffande mange vart engasjerte. Den fyrste e-sportturneringa vart ikkje arrangert før i 1972: På Stanford University spelte 24 deltakarar Spacewar! mot kvarandre, og premien var eitt års abonnement på bladet Rolling Stone.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.