Sport
Rulleskøytene
Ådne Søndrål var med i skøyteforbundets satsing på inline-skøyter i 1998. Til NTB fortalde han då at han var ganske sikker på at idretten kom til å «ta av».
Foto: Knut Fjeldstad / NTB
Søkjer ein på roller blades på nettet, kjem det opp ofte stilte spørsmål kring temaet. Eit av dei er: «Do people still rollerblade?» Eg forstår at folk lurer. Sist eg såg ein rulleskøyteløpar, måtte eg snu meg etter han. Så sjeldan er det.
Rollerblade er eigentleg eit merke rulleskøyter, og det rette omgrepet på rulleskøytesport er inline. Sjølv om inline-skøytene med hjul på ei rekke har eksistert sidan 1700-talet, var det merkeleg nok quad-skøytene, dei med to par hjul etter kvarandre, som tok av på 1980-talet. Sistnemnde skulle vere enklare å gå på, men var eigentleg ganske upraktiske og god fart var det vanskeleg å få til. Kanskje akkurat difor gjekk bølga over, men i Noreg kan ein enno sjå quad-skøytene i den smale lagsporten Roller Derby. Ein underhaldande kontaktsport som krev nokre timar på YouTube før ein forstår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.