Sport
Retten til å flyge
Silje Opseth framleis i normal bakke i OL i Beijing i 2022.
Foto: Christof Stache / Pool / Reuters / NTB
Skihopp har lenge stått på lista over aktuelle tema til denne spalta. Fyrst måtte eg berre finne ut av kvifor det enno er slik at kvinnene i OL ikkje hoppar i stor bakke. Og her stoppa det heilt opp. Eg fann ikkje noko skikkeleg svar, iallfall ikkje eit godt eitt.
Anette Sagen, Maren Lundby og kollegaene hennar har kjempa for eigen sport. Mykje er også endra dei siste 20 åra, likevel er skihopp ein av idrettane som er minst likestilte. Sjølv om FIS oppheva avgrensinga på bakkestorleik i 2018 (!), hoppa kvinnene enno i ikkje i stor bakke i OL i Beijing i 2022.
Eg spurde ein historisk interessert idrettsfantast i Sagene-kiosken korleis dette kan ha seg. Han meinte det starta med frykt. Frykt for at kvinnene kunne flyge lenger enn mennene. Tyngdepunktet til kvinnene er nemleg godt eigna til å hoppe langt.
Eit argument som tidlegare har vore nemnt, er at det er farleg. Meir farleg for gutar enn jenter? Det argumentet er vanskeleg å bruke tid på. Argumentet tek oss tilbake til 1931. Då sa Skiforeningen nei til at jentene skulle få hoppe i Holmenkollen fordi det kunne øydelegge inntrykket folk hadde av bakken – at Kollen ikkje var så høg og skummel som han såg ut.
Så til det meir realistiske svaret. Hoppsjefen, Clas Brede Bråthen, sa til Dagbladet at han ikkje kan forstå at dette kan handle om noko anna enn pengar, og at folk ikkje har forstått at likestilling kostar pengar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.