Sport

Passivt spel

Marta Tomac på handballandslaget gjer eit synleg forsøk på å skyte mål, og åtvaringa om passivt spel kan ligge.
Marta Tomac på handballandslaget gjer eit synleg forsøk på å skyte mål, og åtvaringa om passivt spel kan ligge.
Publisert

Handball er ein underhaldande sport med mange målskoringar på banen og mange bjøller på tribunen.

Regelen om passivt spel, som kom i 1981, var med på å halde oppe moroa. Dersom laget i angrep dryger spelet for lenge og ikkje gjer synlege forsøk på å skyte mål, gjev dommaren laget eit varsel. Viss laget då ikkje får fart på angrepet, vert det frikast til motstandarane.

I 2016 kom endå ei oppdatering, no er det lov med maksimalt seks pasningar etter at åtvaringa om passivt spel er vist.

I fotball er det meir høve til å legge seg bakpå, men tilbakespelregelen som kom i 1992, la også her press på dei mest kyniske laga. Før regelen kunne ein trua forsvarsspelar sentre tilbake til målvakta, som lett plukka ballen opp med hendene. Trygt for målvakta og forsvaret, men keisamt for det angripande laget og publikum.

Andre sportar har liknande reglar. I basket tel dommaren sekunda før laget kjem seg fram på banen, mens det i boksing og bryting blir blåse om utøvaren trekker seg for mykje unna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement