Sport

Nettside - Frå medisin til funksjon

Eit idrettslag på veg til Stoke Mandeville Games i 1969.
Eit idrettslag på veg til Stoke Mandeville Games i 1969.
Publisert

På idrettshøgskulen hadde eg praksis på Beitostølen Helsesportsenter. Her trefte me menneske med ulike funksjonshemmingar. Nokre sumde for fyrste gong, nokre vart hekta på boccia, mens andre konkurrerte på toppnivå i paraidrett.

Blant dei sistnemnde var ein nesten blind skiløpar som gjekk frå rettleiarane. Spora var djupe, ho kjende løypene og trong ikkje nokon til å kauke høgre og venstre. Ho mista synet gradvis og konkurrerte i klasse B1, klassa for heilt blinde. I denne klassa må alle ha teip utanpå brillene, slik at ingen får eventuelle synsfordelar.

Meir urettferdig kan det verke i dei andre konkurransane. For korleis kan det vere rettferdig at ein utan fot sym om kapp med ein utan arm? Korleis måler ein eigentleg funksjonsevne?

Klassifisering av parautøvarar starta i samband med Stoke Mandeville Games i 1948. Deltakarane var ryggmergskadde soldatar. For å gjere leikane rettferdige hyrte dei inn legar til å måle muskelstyrke og rørsleutslag for å fastsetje deltakarklassane.

Seinare vart det utvikla klassar etter diagnose, og utøvarar med cerebral parese skulle til dømes differensierast ut frå grad av spastisitet i armar og føter. Dette førte til altfor mange klassar med få utøvarar, og i OL i Seoul i 1988 vart det delt ut 35 gullmedaljar berre i 100 meter fri symjing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement