Kveldens høgdepunkt
Ta sjansen i Holmenkollen. Legg merke til publikum, den gong ofte i bar overkropp. Meir frilynt då, eller berre redde for å sveitte ut skjorta?
Foto: Thomas Bjørnflaten / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Sport er alvor og underhaldning. Eit interessant fjernsynsfenomen som fyrste gong vart sendt i 1983, var Ta sjansen. Kven som helst kunne bygge sin eigen «vann-vittige» båt, med eit artig litt på kanten-tema. Eg hugsar både «Glad Laksen» og «Bollemus».
Showet gjekk føre seg i Holmenkollen, og båtane vart sleppte ned i det kunstige Besserudtjernet. Dei smartaste hadde bygd ein liten båt som suste ut frå den store båten. Tryggleik brydde få seg om. Deltakarane ramla oppå kvarandre under vatnet, surra inn i tau og diverse lite miljøvennleg materiale. Den som raskast klarte å ringje i bjølla ute i tjernet, tok sigeren, men vanlegvis vart nedfarten ein fiasko, og hockeysveisane heldt på å le seg i hel.
Vi liker enno sportslege underhaldningsprogram. Ein suksess for mange er Skal vi danse. Her skal utøvarane, som sjølvsagt er kjendisar, trene og bli gode i å danse. Folk flest vil heller sjå at nokon som ikkje kan danse, lærer å danse, enn til dømes konkurransar med profesjonelle dansarar. Smale sportar får lite tid på skjermen. Slik er det også i musikkbransjen, The Voice har fleire sjåarar enn Jazzhjørnet. Humor og underhaldning er mest populært, sportsleg kvalitet og gode prestasjonar kjem på andre plass. Eit inkluderande mangfald, så lenge ein ikkje ekskluderer dei som faktisk har trena og øvd heile livet.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sport er alvor og underhaldning. Eit interessant fjernsynsfenomen som fyrste gong vart sendt i 1983, var Ta sjansen. Kven som helst kunne bygge sin eigen «vann-vittige» båt, med eit artig litt på kanten-tema. Eg hugsar både «Glad Laksen» og «Bollemus».
Showet gjekk føre seg i Holmenkollen, og båtane vart sleppte ned i det kunstige Besserudtjernet. Dei smartaste hadde bygd ein liten båt som suste ut frå den store båten. Tryggleik brydde få seg om. Deltakarane ramla oppå kvarandre under vatnet, surra inn i tau og diverse lite miljøvennleg materiale. Den som raskast klarte å ringje i bjølla ute i tjernet, tok sigeren, men vanlegvis vart nedfarten ein fiasko, og hockeysveisane heldt på å le seg i hel.
Vi liker enno sportslege underhaldningsprogram. Ein suksess for mange er Skal vi danse. Her skal utøvarane, som sjølvsagt er kjendisar, trene og bli gode i å danse. Folk flest vil heller sjå at nokon som ikkje kan danse, lærer å danse, enn til dømes konkurransar med profesjonelle dansarar. Smale sportar får lite tid på skjermen. Slik er det også i musikkbransjen, The Voice har fleire sjåarar enn Jazzhjørnet. Humor og underhaldning er mest populært, sportsleg kvalitet og gode prestasjonar kjem på andre plass. Eit inkluderande mangfald, så lenge ein ikkje ekskluderer dei som faktisk har trena og øvd heile livet.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.