Sport

Kva med naseplasteret?

Spela naseplasteret noka rolle i Robbie Fowlers fantastiske fotballkarriere på 1990-talet?
Spela naseplasteret noka rolle i Robbie Fowlers fantastiske fotballkarriere på 1990-talet?
Publisert Sist oppdatert

I ein samtale om snorking vart eg mint om Robbie Fowler og naseplasteret hans på 1990-talet. Me forstod fort at det ikkje handla om eit sår på nasen, men det å yte betre på fotballbanen. Plastertrenden vart ganske populær, og dei aller ivrigaste valde faktisk å stille med Norgesplaster på nasen i gymtimen.

Plasteret skulle gjere at ein fekk betre kondisjon. Korleis den gode kondisjonen skulle oppstå, visste dei færraste.

Det var ikkje diskusjon om naseplasteret skulle på dopinglista, altså ingen mystiske stoff som kom drivande gjennom huda. Presset frå det elastiske plasteret skulle derimot opne nasen, slik at ein fekk friare tilgang på luft.

Forskinga påverknaden av plasteret er litt sprikande, tru det eller ei. Men dei nyaste funna er negative. Syklistar som sykla 20 kilometer, gjorde det ikkje betre med naseplasteret.

Eit anna prosjekt gjort i 2021 på friske personar som trena med plaster, viste heller ikkje noka betring av Vo2-max, noko som tyder på at kondisjonen var den same med eller utan plaster.

Det positive med naseplasteret er at det ikkje finst nokon negative verknader, utanom at ein ser litt nerd ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement