Kupper’n 90 år
Knut «Kuppern» Johannesen på 10.000-meteren i Squaw Valley i 1960.
Foto: NTB
Måndag 6. november fyller den legendariske og munnrappe skeiselauparen Knut Johannesen 90 år. Dag og Tid vil hylla han med eit dikt som Olav H. Hauge skreiv til eit av dei mest kjende laupa hans, under vinterolympiaden i Squaw Valley i USA i 1960, der Johannesen sette verdsrekord på mila og tok gull med tida 15.46,6.
Kuppern skrid i
Squaw Valley
Eg har òg teki premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn
då eg var åtte, etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.
Men no skrid Kupper’n i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m.,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare
um staven.
Olav H. Hauge
Frå samlinga På ørnetuva,
Noregs Boklag, Oslo 1961.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Måndag 6. november fyller den legendariske og munnrappe skeiselauparen Knut Johannesen 90 år. Dag og Tid vil hylla han med eit dikt som Olav H. Hauge skreiv til eit av dei mest kjende laupa hans, under vinterolympiaden i Squaw Valley i USA i 1960, der Johannesen sette verdsrekord på mila og tok gull med tida 15.46,6.
Kuppern skrid i
Squaw Valley
Eg har òg teki premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn
då eg var åtte, etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.
Men no skrid Kupper’n i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m.,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare
um staven.
Olav H. Hauge
Frå samlinga På ørnetuva,
Noregs Boklag, Oslo 1961.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.