Sport

Krav

Siste fysiske opptaksprøve på Noregs idrettshøgskole var i 2008.
Siste fysiske opptaksprøve på Noregs idrettshøgskole var i 2008.
Publisert

Ein av idrettslærarane mine starta altfor ofte timane med å fortelje om gamle dagar. For før gjekk nemleg studentane hans over Hardangervidda, mens dei no til dags så vidt klarte å overleve ein tre dagars tur i Sirdalen.

Sjølv om dette var ein elendig motivasjonsteknikk, var det vel noko i det han sa. I kroppsøving på vidaregåande var det frå 1980-talet eit krav om at skulle ein få seksar, måtte ein klare 3000 meter på under ti minutt, med variasjonar frå stad til stad.

Dagens tal viser at gjennomsnittstida på same distanse har gått opp med over eitt minutt på gutar mellom 16 og 18 år sidan den gong. No skal kroppsøvingskrava vere heilt vekke. Det er andre kvalitetar, som samarbeid og innsats, det blir lagt vekt på – i alle fall hos dei som følgjer læreplanen.

Noregs idrettshøgskole har like godt fjerna dei fysiske krava til nye studentar. Landet treng ikkje fleire kroppsøvingslærarar som kan ta tjue kroppshev og slå flikkflakk, me treng dei som kan lære vekk.

I brannvesenet finst det, meir naturleg, enno fysiske krav. Krava, som kan vere ulike frå stad til stad, må dei greie gjennom heile karrieren. Brannkonstabel May Tømmervold sa i haust på Lindmo at viss ho skulle gjennomføre rokravet frå Arbeidstilsynets fyrsteutkast, 2000 meter på 7.30 min, så ville ho som 55-åring sett verdsrekord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement