JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Krampemysteriet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Akkurat slik ser det ut når krampa tek Thea Bjelde i VM på New Zealand.

Foto: Lise Åserud / NTB

1621
20230825

Sport før og no

1621
20230825

Sport før og no

Det kjennest ut som noko er aldeles gale fyrste gong ein får krampe. For smerta er stor, same om det skjer i leggen under trening eller i tåa mens ein ser på fjernsyn. Men så, når ein har erfart pinsla eit par gonger, finn ein sine teknikkar, og krampen kan stoppast på sekund. 

 I eit idrettsliv skal ein oppleve mang ein krampe, og ein skal få like mange råd om korleis unngå han. Nokre av råda kjem frå faglærte, men dei fleste frå typen som trur at ispose og tigerbalsam er svaret på det meste. I mi tid var det magnesium frå helsekosten som gjaldt.

Den fyrste forskinga på muskelkrampar kom i 1908. Det var D.L. Edsall som hadde fått med seg at heite arbeidarar i gruver og dampskip fekk krampar.Logisk nok tenkte han då at det var sveittinga som var problemet, at ein gjekk tom for væske og mineral. Men nyare forsking viser at sveitting og ubalanse i kroppens salt ikkje kan forklare krampane – og heller ikkje mangel på magnesium.

Til og med John Arne Riise får krampe av og til. Her behandlar lege Thor Einar Andersen han i 1999.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Ein hypotese som kom tidleg på 2000-talet og enno er under utvikling, handlar om at ein sliten kropp vil prøve å spare krefter. Når det skjer, vil nervesystemet endre oppførsel og ta til å sende ukontrollerte signal til musklane.

Dette kan forklare kvifor vi ser fleire krampar på ein bedriftsidrettskamp enn på ein VM-kamp. Nervesystemet til amatørane er ikkje like vand til rørslene som dei profesjonelle spelarane.

Og framleis har Skadefri.no ingen dokumenterte råd om korleis ein skal unngå krampar.

Men er du desperat, kan du alltids ta deg ein tur innom Kvinneguiden.no.

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis