Sport

Knipsing og TV-spel

Ein god Subbuteo-spelar måtte å ha god finmotorikk, vere analytisk og heile tida lukte neste trekk.

Subbuteo finst enno. Ein kan til og med kaste inn spesiallaga nakne streakers om ein treng litt spenning.
Subbuteo finst enno. Ein kan til og med kaste inn spesiallaga nakne streakers om ein treng litt spenning.
Publisert Sist oppdatert

Prøvde du nokon gong Subbuteo? Bordfotballspelet som i Noreg var størst på slutten av 1980-talet, der spelarane var bitte små vippemenn som skulle knipsast mot ballen. Banen dekte gjerne halve kjellarstova og var laga av ei treplate med grøn påspikra duk. Estetisk fint og såpass dyrt at bror min måtte spleise med naboane då han gjekk til innkjøp.

Ein god Subbuteo-spelar måtte å ha god finmotorikk, vere analytisk og heile tida lukte neste trekk. Knipsa ein feil, slik at spelaren ikkje trefte ballen, så var trekket over, og det var motstandaren sin tur.

Ein meir kjend variant av bordfotball er fotballspelet til Stiga. Her heng spelarane i alle fall fast i brettet, og tempoet er høgare. Spesialtrekket mitt sit enno i fingrane. Ballen opp til vingen, 45 grader ut i feltet og i målet med han. Stiga-spelet var lett å bli engasjert i, men det var fyrst då TV-spela sette fart, ein verkeleg blei hekta.

Sensible Soccer på Amiga som blei lansert i 1992, var eit av dei første, og kjensleg fotball var akkurat det det var. For å halde på ballen måtte du ha speleerfaring og helst velje eit lag med tekniske kvalitetar. Lazio var ein favoritt. Ballen sat som lim i føtene på Gazza.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement