Sport
Klisterrevolusjonen
Det internasjonale handballforbundet (IHF) vil fjerne klisterbruk. Eit argument er at reklamen på ballen ikkje syner.Det internasjonale handballforbundet (IHF) vil fjerne klisterbruk. Eit argument er at reklamen på ballen ikkje syner.
Foto: Vidar Ruud / NTBFoto: Vidar Ruud / NTB
Kamerun kom til handball-VM i 2017, brennklare for kamp. Noko vesentleg hadde dei likevel gløymt. Laget hadde ikkje fått med seg at kampane skulle spelast med klister. Ei VM-oppkjøring utan klister, det er verre enn å gløyme lykketrusa.
Klister er eit ekstremt klissete materiale som blir påført fingertuppane før kamp og gjer at ein får eit betre grep om ballen. Tradisjonelt var klisteret laga av harpiks, mens ein no nyttar syntetiske variantar.
Eg kontakta Norges Håndballforbund for å finne ut når klisteret fyrst vart teke i bruk i Noreg. Forbundet leita og måtte vidare kontakte pensjonistdommarar og tidlegare spelarar for å finne svar. Nokon dokumentasjon var ikkje lett å oppspore, men ein sameining var det likevel om at klisteret fyrst kom ein gong på 1960-talet.
Og det er ingen tvil om at smartingane som fyrst kom opp med klisterideen, må ha hatt nokre gode sesongar. Klisteret gjorde at både spelarar og bjøllespelarar på tribunen kunne nyte betre teknikk i eit heilt anna tempo. Heidi Løke hadde nok ikkje snappa ballane på like magisk vis utan seige fingrar. Vi veit også at Camilla Herrem har prisa klisteret for det fantastiske trickskotet hennar.
Ulempa med nyvinninga er at det er ein hersens jobb å vaske vekk. Vaktmeistarane, som vi veit ikkje godtek kva som helst, riv seg i øyra av det seige skvipet. Enkelte hallar har difor forbode klister totalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.