Sport
Kalde bad
Ladie’s Pond i London. Vatnet er kaldt og djupt – berre for dyktige symjarar.
Foto: E. Dean
Alle badar no, eller alle kjenner i alle fall nokon som gjer det. Folk bookar seg inn i badstuer med svære vindauge, drikk øl, minglar, tek ein selfie og hoppar uti. Eller dei tek seg ei hard treningsøkt for så å vasse ut i ruren.
Kalde bad etter trening var eit av temaa i restitusjonskapittelet då eg studerte idrett i 2008. Me lærte at nedkjølinga skulle gi ein raskare restitusjon. Nyttig for dei som trener mykje.
I 2015 gjorde forskarar ved Noregs idrettshøgskule og University of Queensland i Australia ein studie på effekten av nedkjøling etter trening. Eit interessant resultatet var at kalde bad kan gi raskare restitusjon, men samtidig kan badet også redusere effekten av økta.
Dei som bada i kaldt vatn etter styrkeøkta, hadde ein auke på 40 prosent i styrke, medan kontrollgruppa, utan bad, fekk ein auke med heile 60 prosent.
Det betyr likevel ikkje at idrettsutøvarar treng slutte å bade i kaldt vatn. For dei som trener mykje, er rask restitusjon verdifullt, men dersom ein fyrst og fremst ynskjer muskelvekst, er truleg ikkje eit kaldt bad så smart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.