Sport
Ikkje lett å vere wag i dag
Victoria Beckham og Cheryl Cole følgjer England i straffekonkurransen mot Portugal i VM i 2006.
Foto: Felice Calabró / AP / NTB
Fyrst av alt: Wags er eit akronym for wives and girlfriends, altså koner og kjærastar til kjende sportsutøvarar. Det var den britiske pressa som laga omgrepet tidleg på 1990-talet, då om partnarane til det engelske fotballandslaget.
Men det var med Victoria Beckham og Cheryl Cole, under VM i 2006, at wags verkeleg vart ei greie. Dei var kule, hadde designvesker og store solbriller. Sjølv om dei var i saman med David Beckham og Ashley Cole, var dei ikkje trofékoner. Dei hadde eigne suksessfulle karrierar i tillegg til at dei fiksa barn og heim – eit par nannys fanst nok, men wagsa var vel verde å zoome inn på.
15 år seinare går ei rettssak føre seg i England, også kalla Wagatha Christie-saka. Rebekah Vardy, kona til Jamie Vardy, saksøker Coleen Rooney, kona til Wayne Rooney, for å sverte ryktet hennar. Coleen har nemleg skrive på Twitter at Rebekah sel informasjon om henne og familien til The Sun. Det kan verke som designveskene har gått til hovudet på dei, og det blir eit drama ingen vil vere ein del av.
På Kvinneguiden.no finst det, ikkje uventa, ein eigen diskusjonstråd om wags. Her blir det poengtert at ein ekte wag ikkje skal tene pengar. Ho skal berre trene og shoppe på mannens rekning, men: «Hvis man har mye penger å rutte med, hvorfor ikke investere i en god frisør og extensions som i det minste ser 50% naturlig ut».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.