Sport
Hardflip og spons
Bombette Martin i ein mykje større rampe i Lauridsen skatepark i 2021.
Foto: Charlie Neibergall / Ap / NTB
Då styresmaktene i 1989 endeleg opna for skating igjen, etter forbodet som hadde vart i elleve år, fekk dei norske skateskurkane nye sjansar. I staden for å bli jaga kunne dei få sponsorar og bli gjorde stas på i media.
No er dei beste skatarane topptrente og profesjonelle idrettsutøvarar. Rampane som før var heimelaga på hemmelege stader i skogen, kan no vere over 20 meter høge, og slik er også sjølve hoppa og triksa blitt både høgare og råare.
Alan «Ollie» Gelfand frå Florida har fått æra for trikset flest har høyrt om, nemleg ollien. Ein poppar tailen, som vil seie å presse bakdelen på brettet ned slik at brettet blir dytta opp i lufta. Fremre fot skal skrapast litt mot grippen, som er den ruglete tapen på overflata på brettet, slik at det i svevet ser ut som brettet heng fast i føtene. Trikset vart etablert i 1978 og er grunnrørsla i fleire andre lufttriks.
No finst det ei uoffisiell liste med over 300 triks, og eit av dei som er rekna for å vere det vanskelegaste å utføre anno 2021, er hardflip. Rørsla startar frå bakkenivå og kan sjåast ut som ei avansering av ollien. Brettet skal gjere ein slags sideslengs salto før ein landar på det igjen. På fagspråket skal framfoten kickflippe brettet litt til sida, og bakfoten skal scoope tailen hardt til andre sida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.