Sport

Gymsko

Nokre gonger vart ein tvinga til å bade med gymsokken, det kunne hindre både fotvorter og fall.
Nokre gonger vart ein tvinga til å bade med gymsokken, det kunne hindre både fotvorter og fall.
Publisert

Joggesko, buffalos, berrføtt, tøflar, militærstøvlar, sandalar, uggs, sklisokkar, bomullssokkar – slappe og stramme. Alle desse praktiske og mindre praktiske variantane kan ein sjå i løpet av ein kroppsøvingskarriere. Litt skilnad er det innanfor dei ulike aldersgruppene og faglinjene, det skal seiast, men gymsko no kan vere mykje rart.

Før var det ikkje så vanskeleg. Då var det gymsokk eller ikkje gym. Sokken var sklisikker takka vere den mjuke plastsolen. Forbløffande mange har sterke minne om sokken, og det som går igjen, er lukta – ei blanding av gummi og sveitte som ikkje gjekk bort i vask. Det finst til og med ein eigen nettstad til ære for sokken: Gymsokkens venner. Her fortel blant andre Jan Kjærstad at han minnest dei påbodne gymsokkane. Dei kvite syntest han var litt femi, så han gjekk for dei mørkeblå. Lyden av sokkane som saug seg til salen, hugsar han også enno.

Ein fordel med denne gamle sokken var at alle stilte likt. Verre var det i overgangen på 1980-talet, då dei kule joggeskoa kom. Gymsokkfolket fekk seg ein knekk både mentalt og fysisk – fotball i gymsokkar kan gjere vondt. Den gamle gymmen var altså meir passande til gymsokkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement