JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Fysisk aktiv i bygd og by

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Byfolk går og syklar meir til jobb, men dei er ikkje nødvendigvis meir aktive enn bygdefolk. 

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

1626
20240202

Sport før og no

1626
20240202

Sport før og no

Internasjonale studiar har lenge vist at dei som bur i byane, er meir fysisk aktive enn dei som bur på bygda. Ein nyare studie gjord av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet viser at skilnaden ikkje er stor, faktisk er bygdefolket litt meir aktive enn byfolket.

Til forskjell frå tidlegare studiar hadde dei i den sistnemnde rekna jobbreiser og fritidsaktivitetar som ein heilskap. Resultat var at folk i byen rørte seg mest i det daglege, dei sykla og gjekk meir til jobb. Bygdefolket køyrde bil til jobb, men trena meir utanom.

Frå ekte forsking til eit personleg observasjonsstudium av underteikna, på bygda: Eg har nemleg vindauge mot ein veg og ein turveg. Hovudfunnet her er at nokre menneske aldri går eller syklar. Det kan verke som det berre ikkje er deira stil. Dei eig ikkje sykkel og køyrer heller 200 meter til butikken. Sjølv om det godt kan vere at mennene, for det er gjerne menn, trenar om ettermiddagen, syner dei seg ikkje gåande eller syklande på vegen.

Bønder spelar ikkje tennis. Dei går ikkje på tur heller.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Funnet mitt blir stadfesta, eg blir nemleg fortald at ein sambygding fyrst kunne gå på tur etter at han flytta til byen. Der vart han anonym. Det kunne altså gjere noko med imaget hans å bli sett gåande. I same samtale blir eg også fortald at det var endå verre før. Å gå tur berre for å gå tur vart ikkje sett på som normalt. Ein kunne bli teken for ein som ikkje hadde noko meir fornuftig å gjere. 

 Og jogging var faktisk hakket verre enn å gå. Lenge gjekk det gjetord om familien nord på øya som var dei fyrste til å kjøpe seg joggedressar. 

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis