Sport

Frå joggebukse til kompresjonstights

Joggebukse eller heil «tracksuit». No mindre brukt til trening, men dess meir hipt til kvardags.
Joggebukse eller heil «tracksuit». No mindre brukt til trening, men dess meir hipt til kvardags.
Publisert Sist oppdatert

Før var ikkje tightsen for alle. Det var helst turnarar, dansarar og dei meir profesjonelle løparane som sporta i tights. Så, ein gong tidleg på 2000-talet, tok tightsen av, og no er den stramme lycrabuksa å sjå på kvar einaste mosjonist, anten det dreier seg om styrketrening eller damping rundt Sognsvann.

Spesielt var det den australske kompresjonstightsen frå 2XU, som vart populær, og enno er den ei av uniformene på vidaregåande, like mykje brukt i norsktimane som i kroppsøvinga. Tightsen lovar gradert kompresjon fordelt på rumpe, lår og leggmusklar. Fordelane med å komprimere på denne måten skal ifølgje produsenten redusere utmatting, minske skadar, gi raskare restitusjon og til og med betre koordinasjonen. Joggebuksa, derimot, ho lovar ingenting.

I ein podkast frå Noregs idrettshøgskule fortel Jonny Hisdal, som har forska på blant anna sirkulasjonsfysiologi, at kompresjonstightsen pressar saman dei ytste venene. Dersom ein ikkje har problem med kroppens eiga venepumpe, viser ikkje kompresjonstightsen nokon som helst effekt i prestasjonsauke. Har ein derimot dårlege veneklaffar, som kan gjere at ein får hovne legger og åreknutar, er kompresjonsplagg nyttige. Raskare restitusjon for ein mosjonist med tights er det heller ikkje funne noko prov på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement