Sport
Farlege leiketøy?
Gro Harlem Brundtland opnar ein ny rampe på Tøyen ungdomsklubb i 1989.
Foto: Bjørn-Owe Holmberg / NTB
Frå 1977 til 1989 var det forbode å skate i Noreg. Ein kunne få bot for å bli sett på eit rullebrett. Dersom ein vart skadd og trong legehjelp, måtte ein lyge og seie det var ein salig handballskade. Dagens elevar skjønar lite av forbodet på den tida. Tommy Langseth, som forskar på blant anna brettsport, gav meg ei oppklaring.
Det var ikkje så enkelt som at styresmaktene mislikte skatekulturen. Frå USA kom rapportar om mange skadar i samband med skating. Sjølv om andre sportar gav like mykje skadar, var det spesielt for rullebrettet at det vart sett på som eit leiketøy. Farlege leiketøy vil ingen ha. Den nye produktkontrolloven, som tek for seg produkt som kan føre til helse- og miljøskade, kom også i 1977. Berre 14 dagar etter at loven tredde i kraft, vart rullebrett forbode. Så truleg var også byråkratane usikre på korleis den nye loven skulle handterast.
Notida har også omdiskuterte leiketøy, som til dømes Segway. Segwayen, eller ståhjulingen, kjem i kategorien framkomstmiddel. Då ståhjulingen kom for alvor, vurderte Vegdirektoratet han som for rask. I 2014, om lag ti år etter at han var forboden, klarte Bård Hoksrud (Frp) og regjeringa likevel å gjere ståhjulingen lovleg igjen. Eit argument var at han var nyttig for turistnæringa og på arbeidsplassar med store avstandar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.