Sport
Få sjå det om igjen, då
Den fyrste sportsreprisen var Rollie Stichwehs (nr. 16) touchdown, vist etter kampen i 1963.
Foto: / AP / NTB
Bestemor mi jubla når målet kom i reprise òg. Ho trudde dei scora på ny. Om det var fordi ho stamma frå før reprisens tid, eller om ho berre var litt tullerusk, veit eg ikkje.
Fyrste gong NRK brukte straksreprise i sportssendingane, var under OL i Tokyo i 1964. Straksreprise vil seie at enkelthendingar vert viste på ny undervegs i sendinga. Før dette hadde amerikanarane prøvd seg fram med hell og uhell. Fyrst med ein videomaskin som vog eit halvt tonn, klarte dei å vise ein touchdown i Army fotball om igjen. Avspelinga skjedde etter at kampen var ferdig, og kommentatoren måtte opplyse at laget ikkje scora på ny.
Sport på TV har alltid har vore populært, men reprisen auka sjåartalet endå meir. Det vart enklare å få med seg dei store hendingane, og ikkje minst kunne ein analysere på eit heilt anna nivå. Gleda må ha vore stor for ein hopptrenar som for fyrste gong kunne studere eit hopp i sakte film. Det same for fotballag som kunne lære formasjonar og taktikk i ro og mak, i staden for å tippe seg fram på små svartkvittskjermar i full fart. Med gjenspelingar, og ikkje minst no med VAR, er det også enklare å gjennomskode dei som juksar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.