Få auditionar
Oslo Danse Ensemble, avbilda i 2000, var lenge eit av dei leiande dansekompania i landet.
Foto: Knut Falch / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Kan ein leve av å danse? Eit spørsmål dansarar, og andre kunstnarar, må svare på både titt og ofte – motvillig eller ei. Ein dansekarriere krev sitt, både før og no.
Idrettsutøvar eller kunstnar? Dansaren er ofte begge delar. Det spenner frå dei meir kommersielle dansarane, som er med i musikalar og TV-show, til dei som driv med konseptuell kunstnarisk dans. Hard trening er det uansett.
Dansarane som før vart oppdaga på audition, kan no bli plukka opp på Instagram og andre sosiale medium. Med eit YouTube fullt av dansevideoar ligg det til rette for at fleire kan bli gode. Ein er ikkje lenger nøydd til reise til Los Angeles for å treffe den rette danselæraren. Men at kunnskapen blir spreidd, inneber også at konkurransen om å slå igjennom no er enorm.
Dansekunstnaren Emilie Marie Karlsen fortel om trendar og fasar. Mens vektlegginga før var meir teknisk, jobbar dansarane i nordisk kontekst no meir konseptuelt. Bodskapen og tanken bak framsyninga er essensiell.
Før var det også vanlegare å høyre til eit dansekompani, slik dreiv ein ikkje heilt på eiga hand. Skal ein i dag få dei prosjekta ein ønskjer som dansar, må ein i tillegg til det fysiske og kunstnariske også vere sin eigen sjef. Ein må vere god til å skrive søknader, ha eit visst nettverk og hugse å føre rekneskap i mai.
Trening. Kunst. Søknader. Økonomi. Dagens dansarar må, endå meir enn før, ha det Emilie kallar «heile pakka».
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kan ein leve av å danse? Eit spørsmål dansarar, og andre kunstnarar, må svare på både titt og ofte – motvillig eller ei. Ein dansekarriere krev sitt, både før og no.
Idrettsutøvar eller kunstnar? Dansaren er ofte begge delar. Det spenner frå dei meir kommersielle dansarane, som er med i musikalar og TV-show, til dei som driv med konseptuell kunstnarisk dans. Hard trening er det uansett.
Dansarane som før vart oppdaga på audition, kan no bli plukka opp på Instagram og andre sosiale medium. Med eit YouTube fullt av dansevideoar ligg det til rette for at fleire kan bli gode. Ein er ikkje lenger nøydd til reise til Los Angeles for å treffe den rette danselæraren. Men at kunnskapen blir spreidd, inneber også at konkurransen om å slå igjennom no er enorm.
Dansekunstnaren Emilie Marie Karlsen fortel om trendar og fasar. Mens vektlegginga før var meir teknisk, jobbar dansarane i nordisk kontekst no meir konseptuelt. Bodskapen og tanken bak framsyninga er essensiell.
Før var det også vanlegare å høyre til eit dansekompani, slik dreiv ein ikkje heilt på eiga hand. Skal ein i dag få dei prosjekta ein ønskjer som dansar, må ein i tillegg til det fysiske og kunstnariske også vere sin eigen sjef. Ein må vere god til å skrive søknader, ha eit visst nettverk og hugse å føre rekneskap i mai.
Trening. Kunst. Søknader. Økonomi. Dagens dansarar må, endå meir enn før, ha det Emilie kallar «heile pakka».
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.