Ein karriere å tenke på
(t.v) Dommaren trong verken tenkje på fysiske testar eller VAR i 1951. (Foto: Geoff Charles / Wikimedia commons), (t.h) Andreas Strømme på jobb. Dagens dommar må tole hardt vêr, i dobbel forstand. (Foto: Privat)
Sport før og no
Sport før og no
Bli fotballdommar heller, pleier eg å seie til barna mine. Ikkje like kult, men sikkert like givande på lang sikt som det å jage fotballproffdraumen saman med 90 prosent av alle andre barn. Som dommar kan du avansere i nivå, og så oppleve verda med andre profesjonelle dommarar.
Fotballdommar Andreas Strømme gjev meg litt meir kjøt på dommarføtene. For å bli dommar må du kurse deg. Vanlegvis startar ein i eigen klubb før ein avanserer til krets, og så, dersom ein vil satse, peilar ein seg inn på rolla som anten hovuddommar eller assistentdommar.
Til mi overrasking har me i Noreg faktisk enno ingen som jobbar som dommar på fulltid. Til og med i eliteserien har dei fleste ein deltidsjobb på si. Her er det også stor forskjell på å dømme herre- og kvinnekampar, det er vel ikkje vits i å skrive kor det er mest pengar.
Ein bakdel med dommarjobben er klaginga frå sidelinja, og Strømme fortel at dette sannsynlegvis ikkje har minska med åra. At folk er vande til VAR i toppfotballen, gjer nemleg at det blir fleire betrevitarar på sidelinja i breiddefotballen. Spelarane blir også meir taktiske og veit sine triks. Ein dommar utan kamera i alle vinklar har ikkje sjanse til å få med seg alt – og ein ung og uerfaren dommar kan lett få seg ein knekk.
Eit høgare tempo gjer også dommarjobben heftigare enn før, avgjersler må bli tekne kjapt, og dommaren må vere i form. Før kvar sesong må dei difor bestå fysiske testar som svarar til det høgaste nivået dei skal dømme på. Er dommaren for treig, kjem ein sjanse nummer to. Klarer dommaren ikkje testane, blir han rett og slett fråteken sesongens kampar.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Bli fotballdommar heller, pleier eg å seie til barna mine. Ikkje like kult, men sikkert like givande på lang sikt som det å jage fotballproffdraumen saman med 90 prosent av alle andre barn. Som dommar kan du avansere i nivå, og så oppleve verda med andre profesjonelle dommarar.
Fotballdommar Andreas Strømme gjev meg litt meir kjøt på dommarføtene. For å bli dommar må du kurse deg. Vanlegvis startar ein i eigen klubb før ein avanserer til krets, og så, dersom ein vil satse, peilar ein seg inn på rolla som anten hovuddommar eller assistentdommar.
Til mi overrasking har me i Noreg faktisk enno ingen som jobbar som dommar på fulltid. Til og med i eliteserien har dei fleste ein deltidsjobb på si. Her er det også stor forskjell på å dømme herre- og kvinnekampar, det er vel ikkje vits i å skrive kor det er mest pengar.
Ein bakdel med dommarjobben er klaginga frå sidelinja, og Strømme fortel at dette sannsynlegvis ikkje har minska med åra. At folk er vande til VAR i toppfotballen, gjer nemleg at det blir fleire betrevitarar på sidelinja i breiddefotballen. Spelarane blir også meir taktiske og veit sine triks. Ein dommar utan kamera i alle vinklar har ikkje sjanse til å få med seg alt – og ein ung og uerfaren dommar kan lett få seg ein knekk.
Eit høgare tempo gjer også dommarjobben heftigare enn før, avgjersler må bli tekne kjapt, og dommaren må vere i form. Før kvar sesong må dei difor bestå fysiske testar som svarar til det høgaste nivået dei skal dømme på. Er dommaren for treig, kjem ein sjanse nummer to. Klarer dommaren ikkje testane, blir han rett og slett fråteken sesongens kampar.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement