JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Effektive og mindre nyttige maskinar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Booty Builderen kom då stor rumpe vart på moten. At Kardashians kjøpte maskinen, gjorde han ikkje mindre populær.

Foto: Evan Agostini / AP / NTB

1698
20231208

Sport før og no

1698
20231208

Sport før og no

Det finst enormt med treningsmaskinar. Nokre laga til så små musklar at dei er nærast ubrukelege på eit vanleg treningsstudio. For noko ein lærer tideleg på idrettsfag, er at det gjeld å aktivisere dei store muskelgruppene dersom ein vil ha ei effektiv økt. Viss ein er frisk og ikkje driv med rehabilitering, er maskinar som låser av ledd og ikkje krev noka form for stabilisering eller energibruk, ikkje noko å satse på.

Ei interessant norsk oppfinning som har blitt verdskjend dei siste åra, er Booty Builderen til Håkon Larsen. Maskinen går ut på at du vippar hofta opp og ned mens du har eit belte på deg som gjev motstand. Fordelen med maskinen er at du kan legge på meir vekt enn dersom du skulle gjort øvinga manuelt, og treninga blir difor meir effektiv. Og den vidare fordelen er større rumpe. 

1800-talets svar på Booty Builderen finst ikkje, sjølv om den svenske legen Gustav Zander den gong fann opp heile 60 ulike treningsmaskinar. Det er ikkje så lett å sjå ut frå bileta kva slags effekt alle dei rare konstruksjonane med lêrreimer og tannhjul skal gi, men utgangspunktet for oppfinningane var rehabiliteringa av skadar. 

Interessant er det at nokre av maskinane til Zander gjekk på drivstoff. Ein personleg trenar (PT) i dag ville ikkje tilrådd å trene på bensin, han ville nok òg unngått dei mest tekniske maskinane. Sjansen er stor for at han ville bede deg fokusere på dei store muskelgruppene og tilrådd deg øvingar som knebøy, utfall og markløft. Dette er òg øvingar som kan gjerast berre med ein stein i hagen, men det ville nok ikkje PT-en fortalt deg.

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis