Sport

Dusj

Ikkje så freistande å slå seg laus i fellesdusjen frå 1953 på Haraldsheim.
Ikkje så freistande å slå seg laus i fellesdusjen frå 1953 på Haraldsheim.
Publisert

Å dusje etter kroppsøvinga er ei greie. Somme vætar håret i vasken, andre lèt vere å sveitte, nokre har med bikini, andre har «gløymt» handkle, og somme har utvikla eit slags køsystem, slik at kvar og ein får nyte ein aleinedusj. Kreativt, men kvifor så tungvint?

Juni Hausken har skrive masteroppgåve om kroppsøving og dusjing. Ho fortel at vi no har eit kroppsfokus som rett og slett trumfar hygienen. Elevane godtek å lukte litt sveitte så lenge dei slepp å vise fram ein heilt normal kropp.

Men kva tenkte eigentleg ungdommen om dusjing før i tida? Sprada dei uhemma og nakne rundt i garderoben utan noko stress? For 20 år sidan kan i alle fall eg hugse dusjing med både T-skjorter og blyg skjuling, men kva med for 50 år sidan? Mykje utegym utan dusj, og mindre kroppsfokus, melder foreldra mine. Det høyrest idyllisk ut, men den gongen fanst det òg strengare reglar.

Frå 1925 til 1960 var det faktisk eit påbod frå Helsevesenet om at elevane skulle dusje og bade kvar fjortande dag. Somme stadar var det til og med ei vaskekone som skulle skrubbe ryggen på elevane, og i gymgarderoben fanst det noko som heitte kikhols­prakis – via eit hol i døra kunne læraren passe på at alle vaska seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement