Dei som var imot trening
«Gje ungdommen ei flaska brennevin før idretten tar de», lærte Per Inge Torkelsen oss. Kvil i fred.
Foto: Jon Eeg / NTB
Trening før og no
Trening før og no
«Ka faen holde du på med?» Det var det han skreik etter oss når me jogga forbi huset hans. Problemet var ikkje at me trakka på privat eigedom, heller ikkje at han ville ha fred. Mannen likte berre ikkje at folk jogga. Han hata trening – det var idioti.
Her må det presiserast kva ein idrettshatar er. Eg snakkar ikkje her om dei som ikkje likar trening fordi dei sjølv berre har dårleg samvit. Alle veit kor irriterande det er når venninna di kjem rennande på dør, nydusja og skamblid, etter ei god treningsøkt, mens du sjølv akkurat har spretta ostepopen.
Nei, ein ekte idrettshatar er ein som faktisk er imot trening og ikkje har noko ønske om å trene sjølv. Han meiner trening er unaturleg og misbruk av liv.
No er den nemnde treningshataren død, og det gjeld også den andre meir kjende idrettshataren frå Stavanger, Per Inge Torkelsen.
Då eg skulle skrive master, ville eg gjerne intervjue treningshatarane: Kva det er som driv dei? Det fekk eg ikkje lov til. Rettleiaren meinte dei ikkje fanst: «Ingen er vel mot trening?» sa ho, på austlandsk.
Litt rett kan ho ha hatt i det, for det er blitt færre av dei som aldri tek av seg den stramme svart jeansen same kor varmt det er, eller gjer eit nummer av at dei ikkje eig ei joggebukse.
Og no er det faktisk slik at metalrockarar er å sjå på Olympiatoppen. Lastebilsjåførar gjer strekkøvingar i pausane, og stadig kan ein få sjokk over venner ein trudde ein visste alt om, som plutseleg har starta med intervalltrening og isbading.
Trass i eit meir opplyst samfunn er eg sikker på at idrettshatarane enno finst, men no meir i skjul. Om dei er noko å forske på, er ei anna sak.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.